Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

16/1-17

16.01.2013 Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønn 16/1-17, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 16/1-17 skal borast frå boreinnretninga Transocean Winner i posisjon 59°50’13,74’’ nord 02°18’53,41’’ aust i utvinningsløyve 338 for Lundin Norway AS.

Boreprogrammet for brønn 16/1-17 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 338. Lundin er operatør med 50 prosent del. Dei andre rettshavarane er Wintershall Norge AS med 30 prosent og OMV (Norge) AS med 20 prosent.

Arealet i dette løyvet består av delar av blokk 16/1. Brønnen blir bora like aust for Edvard Griegfeltet i den midtre delen av Nordsjøen.

Utvinningsløyve 338 vart delt ut 17. desember 2004 (TFO 2004). Dette er den åttande brønnen som blir bora innafor løyvet sitt areal.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf 

Oppdatert: 24.01.2013