Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

16/2-21

19.04.2013 Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønn 16/2-21, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 16/2-21 skal borast frå boreinnretninga Bredford Dolphin i posisjon 58°46’40,81’’ nord og 02°36’38,77’’ aust i utvinningsløyve 501 etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 16/4-6 S for Lundin Norway AS i utvinningsløyve 359.

Boreprogrammet for brønn 16/2-21 gjeld boring av avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 501. Lundin er operatør med 40 prosent del. Dei andre rettshavarane er Statoil Petroleum AS med 40 prosent og Maersk Oil Norway AS med 20 prosent.

Arealet i dette løyvet består av delar av blokkene 16/2, 3, 5 og 6. Brønnen blir bora om lag 3 kilometer øst for brønn 16/2-15 og 2,5 kilometer vest for brønn 16/2-7 på Johan Sverdrup i den midtre delen av Nordsjøen.

Utvinningsløyve 501 blei delt ut 23. januar 2009 (TFO 2008). Dette er den trettande brønnen som blir bora innafor løyvet sitt areal.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 19.04.2013