Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

16/4-6 S

05.03.2013 Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønn 16/4-6 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 16/4-6 S skal borast frå boreinnretninga Bredford Dolphin i posisjon 58°41’33,84’’ nord 02°13’52,02’’ aust i utvinningsløyve 359.

Boreprogrammet for brønn 16/4-6 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 359. Lundin er operatør med 40 prosent del. Dei andre rettshavarane er Statoil Petroleum AS med 30 prosent og Premier Oil Norge AS med 30 prosent.

Arealet i dette løyvet består av sørvestleg del av blokk 16/1 og nordleg halvdel av blokk 16/4. Brønnen blir bora 5,4 kilometer sørvest for brønnen 16/4-5 og 8,1 kilometer nordaust for brønnen 16/4-1 den midtre delen av Nordsjøen.

Utvinningsløyve 359 blei tildelt 6. januar 2006 (TFO 2005). Dette er den andre brønnen som blir bora innafor løyvet sitt areal, men det er bora tre brønnar tidlegare i den vestlege delen av løyvet sitt areal.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 05.03.2013