Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

16/4-7

19.06.2013 Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønn 16/4-7, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 16/4-7 skal borast frå boreinnretninga Bredford Dolphin i posisjon 58°31’37,87’’ nord 02°08’34,40’’ aust.

Boreprogrammet for brønn 16/4-7 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 544. Lundin er operatør med 40 prosent del. Dei andre rettshavarane er Bayerngas Norge AS og Explora Petroleum AS, begge med 30 prosent.

Arealet i dette løyvet består av sørleg del av blokk 16/4. Brønnen blir bora om lag 0,5 kilometer sørvest for brønnen 16/4-4 i den midtre delen av Nordsjøen.

Utvinningsløyve 544 vart tildelt 19. februar 2010 (TFO 2009). Dette er den fyrste brønnen som blir bora i løyvet og den andre innafor løyvet sitt areal.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf 

Oppdatert: 19.06.2013