16/5-3

07.02.2013 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 16/5-3, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 16/5-3 skal borast frå boreinnretninga Ocean Vanguard i posisjon 58°43’53,95” nord og 2°33’28,64” aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 25/11-26 for Statoil i utvinningsløyve 169.

Boreprogrammet for brønn 16/5-3 gjeld boring av avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 502. Statoil Petroleum AS er operatør med 44,44 prosent del. Dei andre rettshavarane er Petoro AS med 33,33 prosent og Det norske oljeselskap ASA med 22,22 prosent.

Arealet i dette løyvet består av del av blokk 16/5. Brønnen blir bora om lag 6 kilometer sør for brønnen 16/2-15 og 5 kilometer sørvest for brønnen 16/5-2 i den midtre delen av Nordsjøen.

Utvinningsløyve 502 vart tildelt 23. januar 2009 (TFO 2008). Dette er den fyrste brønnen som blir bora i løyvet sitt areal.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 08.02.2013