Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

16/5-5

22.10.2013 Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønn 16/5-5, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Boreprogrammet for brønn 16/5-5 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 410 i midtre del av Nordsjøen. Lundin Norway AS er operatør med 70 prosent eigardel. Statoil Petroleum AS har 30 prosent eigardel.

Arealet i dette løyvet er ein del av blokk 16/5. Brønnen blir bora 8,9 kilometer søraust for brønn 16/4-6 S i utvinningsløyve 359 og om lag 8,3 kilometer vest for brønn 16/5-1.

Utvinningsløyve 410 blei tildelt 16. februar 2007 (TFO 2006). Dette er den fyrste brønnen i dette løyvet. Arealet har vore tildelt før. Då blei brønn 16/5-1 bora i den austlege delen av området. Det var Elf som bora denne brønnen i 1971, i utvinningsløyve 007.

Løyvet føreset at andre løyve og samtykkje som blir kravde av andre myndigheiter er gitt før boringa startar. 


Kontaktperson i OD

Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf 

 

 

Oppdatert: 22.10.2013