Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

16/8-3 S

05.02.2013 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 16/8-3 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 16/8-3 S skal borast frå boreinnretninga Songa Trym i posisjon 58°17’43,36” nord og 2°34’54,52” aust etter avslutta opphald på verft.

Boreprogrammet for brønn 16/8-3 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 360. Statoil Petroleum AS er operatør med 50 prosent del. Dei andre rettshavarane er Dong E&P Norge AS med 20 prosent, Noreco Norway AS med 15 prosent og Wintershall Norge AS med 15 prosent.

Arealet i dette løyvet består av delar av blokkene 16/5 og 16/6 samt blokkene 16/8 og 16/9. Brønnen blir bora om lag 11 kilometer søraust for brønnen 16/8-2 og om lag 17 kilometer sørvest for brønnen 16/9-1 i den midtre delen av Nordsjøen.

Utvinningsløyve 360 vart tildelt 16. januar 2006 (TFO 2007). Dette er den fyrste brønnen som blir bora i sjølve løyvet, men det er bora tre brønnar tidlegare innafor løyvet sitt areal.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 05.02.2013