Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

2/1-15

12.08.2013 Oljedirektoratet har gitt Det norske oljeselskap ASA boreløyve for brønnbane 2/1-15 jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønnbane 2/1-15 skal borast frå boreinnretninga Mærsk Giant i posisjon 56°52'58,14" nord og 3°12'47,53" aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 2/1-16 S for Talisman Energy Norge AS i utvinningsløyve 299.

Boreprogrammet for brønnbane 2/1-15 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 542. Det norske oljeselskap ASA er operatør med ein del på 60 prosent. Dei andre rettshavarane er Tullow Oil Norge AS (40 prosent). Arealet i dette løyvet består av blokkene 2/1.

Utvinningsløyve 542 vart delt ut 19.2.2009 (TFO 2010). Dette er den første brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 12.08.2013