2/1-16 S

29.04.2013 Oljedirektoratet har gitt Talisman Energy Norge AS boreløyve for brønn 2/1-16 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 2/1-16 S skal borast frå boreinnretninga Mærsk Giant i posisjon 56°51’1,72’’nord og 3°18’52,69” aust.

Boreprogrammet for brønn 2/1-16 S gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 299. Talisman Energy Norge AS er operatør med ein del på 31,5 prosent. Dei andre rettshavarane er Agora Oil & Gas AS med 28,5 prosent, Dong E & P Norge AS 20 prosent og North Energy ASA 20 prosent.

Arealet i utvinningsløyve 299 ligg i den sørlige delen av Nordsjøen nær Gydafeltet, og består av delar av blokk 2/1. Brønn 2/1 16 S er den andre leitebrønnen i dette utvinningsløyvet, som blei delt ut i 2003.   

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf 

 

Oppdatert: 29.04.2013