Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

25/10-12

06.12.2013 Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønn 25/10-12, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 25/10-12 skal borast frå boreinnretninga Island Innovator i posisjon 59°02’36,7’’ nord 02°18’13,1’’ aust i utvinningsløyve 625 i den midtre delen av Nordsjøen.

Boreprogrammet for brønn 25/10-12 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 625. Lundin Norway AS er operatør med 40 prosent del. Dei andre rettshavarane er Bayerngas Norge AS, Maersk Oil Norway AS og Petoro AS med 20 prosent kvar.

Arealet i dette løyvet består av søraustleg del av blokk 25/10. Brønnen blir bora om lag 5 kilometer nordaust for olje/gass-funnet 25/10-8 Hanz, som inngår i Ivar Aasenfeltet.

Utvinningsløyve 625 vart tildelt 3. februar 2012 (TFO 2011). Dette er den fyrste leitebrønnen som blir bora innafor løyvet sitt areal.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 06.12.2013