Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

25/11-26

09.01.2013 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 25/11-26, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 25/11-26 skal borast frå boreinnretninga Ocean Vanguard i posisjon 58°14’03,21” nord og 2°36’40,99”aust etter avslutting av boring av avgrensingsbrønn 16/2-15 for Statoil i utvinningsløyve 265.

Boreprogrammet for brønn 25/11-26 gjeld boring av undersøkelsesbrønn i utvinningsløyve 169. Statoil Petroleum AS er operatør med 57 prosent del. Dei andre rettshavarane er Petoro AS med 30 prosent og ExxonMobil E&P Norway AS med 13 prosent.

Arealet i dette løyvet består av del av blokkene 25/8 og 25/11. Brønnen vert bora om lag 2 kilometer sør for brønnen 25/8-4 i den midtre delen av Nordsjøen.

Utvinningsløyve 169 vart delt ut 1. mars 1991 i 13. konsesjonsrunde. Dette er den 13. brønnen som blir bora innafor løyvet sitt areal.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 24.01.2013