Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

25/11-27

22.04.2013 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 25/11-27, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 25/11-27 skal borast frå boreinnretninga Songa Trym i posisjon 58°14’15,78” nord og 2°32’51,25”aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 16/8-3 S for Statoil i utvinningsløyve 360.

Boreprogrammet for brønn 25/11-27 gjeld boring av undersøkelsesbrønn i utvinningsløyve 169 B2. Statoil Petroleum AS er operatør med 47,5 prosent del. Dei andre rettshavarane er Petoro AS med 30 prosent, ConocoPhillips Skandinavia AS med 12,5 prosent og ExxonMobil E&P Norway AS med 10 prosent.

Arealet i dette løyvet består av del av blokk 25/11. Brønnen vert bora om lag 4 kilometer sørvest for brønnen 25/8-4 i den midtre delen av Nordsjøen.

Utvinningsløyve 169 B2 vart delt ut 1. mars 2000 (tillegg til 13. runde). Dette er den fyrste brønnen som blir bora innafor løyvet sitt areal.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 22.04.2013