25/5-8

19.11.2013 Oljedirektoratet har gitt Total E&P Norge AS boreløyve for brønn 25/5-8, jf. ressursforskrifta paragraf åtte.

Brønn 25/5-8 skal borast frå boreinnretninga Leif Eiriksson i posisjon 59°37’05,65” nord og 02°23’44,48”aust.

Boreprogrammet for brønn 25/5-8 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 102 F. Total E&P Norge AS er operatør med 50 prosent del. Dei andre rettshavarane er Petoro AS med 30 prosent, Centrica Resources (Norge) AS med 10 prosent og Det norske oljeselskap ASA med 10 prosent.

Arealet i dette løyvet består av del av blokk 25/5 i den midtre delen av Nordsjøen. Utvinningsløyve 102 F vart tildelt 10. oktober 2013 (TFO 2011). Dette er den fyrste letebrønnen som vert bora i løyvet og innafor løyvet sitt areal.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 19.11.2013