Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

25/9-4

30.10.2013 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 25/9-4, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 25/9-4 skal borast frå boreinnretninga Ocean Vanguard i posisjon 59°25’24,4” nord og 2°47’15,0”aust.

Boreprogrammet for brønn 25/9-4 gjeld boring av undersøkelsesbrønn i utvinningsløyve 628. Statoil Petroleum AS er operatør med 50 prosent del. Dei andre rettshavarane er Petoro AS med 20 prosent, Repsol Exploration Norge AS med 20 prosent og Petrolia Norway AS med 10 prosent.

Arealet i dette løyvet består av del av blokk 25/6, 25/9, 26/4 og 26/7 i den midtre delen av Nordsjøen. Utvinningsløyve 628 vart delt ut 3. februar 2012 (TFO 2011). Dette er den fyrste leitebrønnen som vert bora i løyvet og den andre innafor løyvet sitt areal. Undersøkingsbrønn 26/4-1 vert bora med BP som operatør i 1987.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf 

 

 

Oppdatert: 30.10.2013