Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

26/5-1

08.03.2013 Oljedirektoratet har gitt Rocksource Norway AS boreløyve for brønn 26/5-1, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Oljedirektoratet har gitt Rocksource Norway AS boreløyve for brønn 26/5-1, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 26/5-1 skal borast frå boreinnretninga Borgland Dolphin i posisjon 59°40’18,91” nord og 3°38’35,70”aust etter avslutting av boring for Statoil på Osebergfeltet.

Boreprogrammet for brønn 26/5-1 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 506 S. Rocksource Norway AS er operatør med 25 prosent del. Dei andre rettshavarane er Petrolia Norway AS med 30 prosent, Valiant Petroleum Norge AS med 25 prosent og Petoro AS med 20 prosent.

Arealet i dette løyvet består av blokk 26/5 og 26/8 i den midtre delen av Nordsjøen. Utvinningsløyve 506 S vart delt ut 23. januar 2009 (TFO 2008). Dette er den fyrste brønnen som blir bora innafor løyvet sitt areal.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 08.03.2013