Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

35/9-10 S

22.08.2013 Oljedirektoratet har gitt Wintershall boreløyve for brønn 35/9-10 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 35/9-10 S skal borast frå boreinnretninga Transocean Arctic i posisjon 61°15’07.02” nord og 3°41’04.10” aust for Wintershall Norge AS i utvinningsløyve 418.

Boreprogrammet for brønn 35/9-10 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 418 der Wintershall er operatør med ein del på 35 prosent.

Dei andre rettshavarane er Capricorn (20 prosent), Bayerngas (20 prosent), Edison (15 prosent) og RWE Dea (10 prosent). Arealet i dette løyvet består av del av blokk 35/8 og del av blokk 35/9. Brønnen blir bora om lag 16 kilometer sørvest for Gjøa og 16 kilometer aust for Vega.

Utvinningsløyve 418 vart delt ut 16. februar 2007 (TFO 2006). Dette er den tredje brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 23.08.2013