Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

35/9-8

01.02.2013 Oljedirektoratet har gitt Wintershall Norge AS boreløyve for brønn 35/9-8, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 35/9-8 skal borast frå boreinnretninga Transocean Arctic i posisjon 67°17’6.71” nord og 3°40’33.63” aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 6407/1-6 S for Wintershall i utvinningsløyve 475.

Boreprogrammet for brønn 35/9-8 gjeld boring av avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 418, der Wintershall er operatør med ein del på 35 prosent. Dei andre rettshavarane er Agora (20 prosent), Bayerngas(20 prosent), Edison (15 prosent) og RWE Dea (10 prosent). Arealet i dette løyvet består av del av blokk 35/8 og del av blokk 35/9. Brønnen blir bora om lag 8 kilometer nordaust for funnet 35/12-2 ("Grosbeak") og 14 kilometer sørvest for Gjøafeltet.

Utvinningsløyve 418 vart delt ut 16. februar 2007 (TFO 2006). Dette er den andre brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 01.02.2013