35/9-9

05.09.2013 Oljedirektoratet har gitt GDF Suez E&P Norge AS boreløyve for brønn 35/9-9, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 35/9-9 skal borast frå boreinnretninga Transocean Barents i posisjon 61°24’12,79” nord og 3°56’00,49” aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 6406/9-1 for A/S Norske Shell i utvinningsløyve 255.

Boreprogrammet for brønn 35/9-9 gjeld boring av undersøkelsesbrønn i utvinningsløyve 153. GDF Suez E&P Norge AS er operatør med ein del på 30 prosent. Dei andre rettshavarane er Petoro AS (30 prosent), Wintershall Norge AS (15 prosent), A/S Norske Shell (12 prosent), RWE Dea Norge AS (8 prosent) og Statoil Petroleum AS (5 prosent).

Arealet i dette løyvet består av delar av blokkene 35/9 og 36/7. Brønnen blir bora om lag åtte kilometer nord for Gjøafeltet.

Utvinningsløyve 153 vart tildelt den 8. juli 1988 (12. konsesjonsrunde på norsk sokkel). Dette er den tiande brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf 

Oppdatert: 06.09.2013