Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

3/7-9 S

27.02.2013 Oljedirektoratet har gitt DONG E&P Norge AS boreløyve for brønn 3/7-9 S.

Brønn 3/7-9 S skal borast frå boreinnretninga Mærsk Giant i posisjon 56°26’20.84’’nord og 4°10’10,75”aust.

Boreprogrammet for brønn 3/7-9 S gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 289. DONG E&P Norge er operatør med ein del på 50 prosent. Den andre rettshavaren er Bayerngas Norge AS (50 prosent). Utvinningsløyve 289 blei tildelt i 2003 (NST 2002).  

Arealet i dette utvinningsløyvet ligg nordvest for Trymfeltet i den søraustlege delen av Nordsjøen, og det består av delar av grenseblokka 3/7 mot Danmark. Brønn 3/7-9 S er den andre leitebrønnen i dette utvinningsløyvet.  

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 27.02.2013