4/4-1

03.09.2013 Oljedirektoratet har gitt Repsol Exploration Norge AS boreløyve for brønn 4/4-1.

Brønn 4/4-1 skal borast frå boreinnretninga Mærsk Giant i posisjon 56°38’8.65’’ nord og 5°8’11,53” aust.

Boreprogrammet for brønn 4/4-1 gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 541. Repsol Exploration Norge AS er operatør med 50 prosent del. Dei andre rettshavarane er Edison International Norway Branch med 35 prosent del, Skagen44 med 7,5 prosent del og Concedo ASA med 7,5 prosent del.

Utvinningsløyve 541 vart tildelt i 2010 (TFO 2009).  

Arealet i dette utvinningsløyvet ligg i den søraustlege delen av Nordsjøen og består av blokk 4/4 som grensar mot Danmark. Brønn 4/4-1 er den første leitebrønnen i dette utvinningsløyvet.  

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 03.09.2013