6406/12-3 S

02.12.2013 Oljedirektoratet har gitt VNG Norge AS boreløyve for brønn 6406/12-3 S jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønnbane 6406/12-3 S skal borast frå boreinnretninga Transocean Arctic i posisjon 64°01’52,37’’ nord og 06°45’17,53’’ aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 35/9-10 A for Wintershall Norge AS i utvinningsløyve 418.

Boreprogrammet for brønn 6406/12-3 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 586. VNG Norge AS er operatør med ein del på 30 prosent. Dei andre rettshavarane er Spike Exploration Holding AS (30 prosent), Faroe Petroleum Norge AS (25 prosent) og Rocksource Exploration Norway AS (15 prosent).

Arealet i dette løyvet består av del av blokk 6406/11 og del av blokk 6406/12. Brønnen blir bora om lag 8 kilometer aust for funnet 6406/11-1 S og om lag 33 kilometer sørvest for Njordfeltet.

Utvinningsløyve 586 vart delt ut den 4. februar 2011 (TFO 2010). Dette er den første brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf 

 

Oppdatert: 02.12.2013