Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

6406/6-3

26.03.2013 Oljedirektoratet har gitt Wintershall Norge ASA boreløyve for brønn 6406/6-3 jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 6406/6-3 skal borast frå boreinnretninga Transocean Arctic i posisjon 64°34'24,44" nord og 6°58'27,63"aust etter avslutting av boring av avgrensingsbrønn 35/9-8 for Wintershall Norge ASA i utvinningsløyve 418.

Boreprogrammet for brønn 6406/6-3 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 511. Wintershall Norge ASA er operatør med ein del på 25 prosent. Dei andre rettshavarane er Maersk Oil Norway AS med 25 prosent, Petoro AS med 20 prosent, VNG Norge AS med 12,5 prosent, Tullow Oil Norge AS med 10 prosent og Bridge Energy Norge AS med 7,5 prosent.

Arealet i dette løyvet består av del av blokk 6406/5, 6406/6 og 6406/9. Brønnen blir bora om lag 20 kilometer sør for Tyrihans.

Utvinningsløyve 511 vart delt ut 23. januar 2009 i TFO2008. Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf 

Oppdatert: 26.03.2013