Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

6406/9-3

13.03.2013 Oljedirektoratet har gitt A/S Norske Shell boreløyve for brønn 6406/9-3 jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 6406/9-3 skal borast frå boreinnretninga Transocean Barents i posisjon 64°25'15,97" nord og 6°58'42,79"aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 7218/11-1 for Repsol
Exploration Norge AS i utvinningsløyve 531.

Boreprogrammet for brønn 6406/9-3 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 255. A/S Norske Shell er operatør med ein del på 30 prosent. Dei andre rettshavarane er Petoro AS med 30 prosent, Statoil Petroleum AS med 20 prosent og Total E&P Norge AS med 20 prosent.

Arealet i dette løyvet består av del av blokk 6406/5, 6406/6 og 6406/9. Brønnen blir bora om lag 7 kilometer søraust for 6406/9-1 Linnorm.

Utvinningsløyve 255 vart tildelt 12. mai 2000 i 16. konsesjonsrunde på norsk sokkel. Dette er den sjette brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 13.03.2013