Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

6407/8-6 og 6407/8-6 A

23.09.2013 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønnane 6407/8-6 og 6407/8-6 A, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 6407/8-6 og 6407/8-6 A skal borast frå boreinnretninga Songa Trym i posisjon 64°21'12,70" nord og 07°27'44,48" aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 6608/10-15 for Statoil i utvinningsløyve 128.

Boreprogrammet for brønnane 6407/8-6 og 6407/8-6 A gjeld boring av undersøkingsbrønnar i utvinningsløyve 348. Statoil er operatør med ein del på 35 prosent. Dei andre rettshavarane er GDF Suez E&P Norge AS (20 prosent), E.ON E&P Norge AS (17,5 prosent), Core Energy AS (17,5 prosent), Faroe Petroleum Norge AS (7,5 prosent) og VNG Norge AS (2,5 prosent).

Arealet i dette løyvet består av delar av blokker 6407/8 og 6407/9. Brønnane blir bora om lag fire kilometer vest for Hymefeltet og 16 kilometer nordaust for Njordfeltet.

Utvinningsløyve 348 vart tildelt 17. desember 2004 (TFO 2004 på norsk sokkel). Dette er den sjuande og åttande brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf 

 

Oppdatert: 23.09.2013