6506/9-3
05.06.2013 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 6506/9-3 jf. ressursforskrifta paragraf 8.
Brønn 6506/9-3 skal borast frå boreinnretninga Transocean Leader i posisjon 65°15'4,99" nord og 6°54'15,66" aust etter avslutting av boring av produksjonsbrønn 31/2-K-13 BY2H for Statoil Petroleum AS i utvinningsløyve 054, Trollfeltet.
Boreprogrammet for brønn 6506/9-3 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 479. Statoil Petroleum AS er operatør med ein del på 40,95 prosent.
Dei andre rettshavarane er ENI Norge AS med 19,6 prosent, Petoro AS med 14,95 prosent, Exxon Mobil E&P Norway AS med 14,7 prosent og Total E&P Norge AS med 9,8 prosent.
Arealet i dette løyvet består av del av blokk 6506/9 og 6506/12. Brønnen blir bora om lag sju kilometer nord for Åsgard i Norskehavet.
Utvinningsløyve 479 vart tildelt 29. februar 2008 i TFO 2007 på norsk sokkel. Dette er den fyrste brønnen som bli bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27
Oppdatert: 05.06.2013