6507/10-2 S

08.11.2013 Oljedirektoratet har gitt Faroe Petroleum Norge AS boreløyve for brønn 6507/10-2 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 6507/10-2 S skal borast frå boreinnretninga West Navigator i posisjon 65°12'48.46'' nord og 7°16'59.03'' aust.

Boreprogrammet for brønn 6507/10-2 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 645. Faroe Petroleum Norge AS er operatør med ein del på 50 prosent. Dei andre rettshavarane er Centrica Resources (Norge) AS (40 prosent), Skagen44 AS (5 prosent) og Concedo ASA (5 prosent).

Arealet i dette løyvet består av delar av blokkene 6507/7 og 6507/10. Brønnen blir bora om lag 14 kilometer sør for Heidrun.

Utvinningsløyve 645 vart tildelt 3. februar 2012 (TFO 2011). Dette er den første brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

 

 

Oppdatert: 11.11.2013