Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

6507/3-10

21.06.2013 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 6507/3-10, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 6507/3-10 skal borast frå boreinnretninga Songa Trym i posisjon 65 55` 43,60" nord og 7 54´ 0,00" aust.

Boreprogrammet for brønn 6507/3-10 gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 159 C. Statoil Petroleum AS er operatør med ein del på 60 prosent. Rettshavar er E.ON E&P Norge AS med 40 prosent.

Utvinningsløyvet består av delar av blokk 6506/3. Løyvet blei i 2008 del frå utvinningsløyve 159, som blei tildelt i konsesjonsrunde 12 B i 1989.

Undersøkingsbrønn 6507/3-10 er den første leitebrønnen i utvinningsløyve 159 C.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson I OD
Kristian Runestad, tlf. 51876027

 

Kart - Last ned pdf 

Oppdatert: 21.06.2013