6608/10-15
12.08.2013 Oljedirektoratet har gitt Statoil ASA boreløyve for brønnbane 6608/10-15 jf. ressursforskrifta paragraf 8.
Brønnbane 6608/10-15 skal borast frå boreinnretninga Songa Trym i posisjon 66°05'20,8" nord og 08°16'42,5" aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 6507/3-10 for Statoil ASA i utvinningsløyve 159 C.
Boreprogrammet for brønnbane 6608/10-15 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 128. Statoil ASA er operatør med ein del på 64 prosent. Dei andre rettshavarane er Petoro AS (24,5 prosent) og ENI Norge AS (11,5 prosent). Arealet i dette løyvet består av blokkene 6608/10 og 11.
Utvinningsløyve 128 vart delt ut 28.2.1986 (Konsesjonsrunde 10-B på norsk sokkel).
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27
Oppdatert: 12.08.2013