Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

6608/2-1 S

13.05.2013 Oljedirektoratet har gitt RWE Dea Norge AS boreløyve for brønn 6608/2-1 S, jf ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 6608/2-1 S skal borast frå boreinnretninga Transocean Winner  i posisjon 66° 58' 6,99" nord og 8° 23' 38,11" aust.

Boreprogrammet for brønn 6608/2-1 S gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 330. RWE Dea Norge AS er operatør med ein 40 prosent del. Dei andre rettshavarane er Marathon Oil Norge AS med 30 prosent og Lundin Norway AS med 30 prosent.

Utvinningsløyvet består av blokkane 6608/1 og 6608/2. Utvinningsløyvet blei delt ut i 18. konsesjonsrunde i 2004.

Undersøkingsbrønn 6608/2-1 S er den første leitebrønnen i utvinningsløyve 330.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson I OD
Kristian Runestad, tlf 51876027

 

Kart - last ned pdf 

Oppdatert: 13.05.2013