Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

7120/1-3

24.06.2013 Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønn 7120/1-3, jf ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 7120/1-3 skal borast frå boreinnretninga Transocean Arctic i posisjon 71 54` 10,37" nord og 20 16´ 11,59" aust.

Boreprogrammet for brønn 7120/1-3 gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 492. Lundin Norway AS er operatør med ein 40 prosent del og dei andre rettshavarane er Det norske oljeselskap ASA med 40 prosent og Noreco Norway ASA med 20 prosent. 

Utvinningsløyvet består av delar av blokkene 7120/1 og 7120/2. Utvinningsløyvet blei tildelt i TFO 2007.

Undersøkelsesbrønn 7120/1-3 er den første leitebrønnen i utvinningsløyve 492.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf 51876027

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 07.08.2013