Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

7218/11-1

15.01.2013 Oljedirektoratet har gitt Repsol Exploration Norge AS boreløyve for brønnbane 7218/11-1jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønnbane 7218/11-1skal borast frå boreinnretninga Transocean Barents i posisjon 72° 5'29,1" N og 18° 25'59,4" Ø etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 6506/6-2 for Maersk Oil Norway AS i utvinningsløyve 513.

Boreprogrammet for brønnbane 7218/11-1 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 531. Repsol Exploration Norge AS er operatør med ein del på 20 prosent. Dei andre rettshavarane er Concedo ASA (20 prosent), RWE Dea Norge AS (15 prosent), Talisman Energy Norge AS (12,5 prosent), Faroe Petroleum Norge AS (12,5 prosent), Det Norske oljeselskap ASA (10 prosent) og Marathon Oil Norge AS (10 prosent). Arealet i dette løyvet består av blokkene 7217/12, 7218/10 og 7218/11. Brønnen blir bora om lag 80 kilometer sørvest for Skrugardfunnet og 100 kilometer nordaust for Snøhvitfeltet.

Utvinningsløyve 531 vart delt ut 15.5.2009 i 20. Runde. Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf 

Oppdatert: 24.01.2013