Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

7219/8-2

08.07.2013 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 7219/8-2, jf ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 7219/8-2 skal borast frå boreinnretninga West Hercules i posisjon 72°19` 17,33" N og 19°35´ 20,61" Ø.

Boreprogrammet for brønn 7219/8-2 gjeld boring av en undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 608. Statoil Petroleum AS er operatør med 50 prosent eigardel og andre rettshavarar er Eni Norge AS med 30 prosent og Petoro AS med 20 prosent.

Utvinningsløyvet består av blokk 7219/8. Utvinningløyvet blei tildelt i 21. konsesjonsrunde i 2011.

Undersøkingsbrønn 7219/8-2 er den fyrste leitebrønnen i utvinningsløyve 608.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som blir kravde av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson I OD
Kristian Runestad, tlf 51876027

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 07.08.2013