Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

7220/4-1

08.11.2013 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 7220/4-1, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 7220/4-1 skal borast frå boreinnretninga West Hercules i posisjon 72 35` 19,60" nord og 20 14´ 06,30" aust.

Boreprogrammet for brønn 7220/4-1 gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 532. Statoil Petroleum AS er operatør med ein del på 50 prosent. Dei andre rettshavarane er Eni Norge AS med 30 prosent og Petoro AS med 20 prosent.

Utvinningsløyvet består av blokkene 7219/9, 7220/4, 7220/5, 7220/7 og 7220/8. Løyvet blei tildelt i 20. konsesjonsrunde i 2009.

Undersøkingsbrønn 7220/4-1 er den sjette letebrønnen i utvinningsløyve 532.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson I OD
Kristian Runestad, tlf. 51876027

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 11.11.2013