Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

7222/11-2

09.12.2013 Oljedirektoratet har gitt Det norske oljeselskap ASA boreløyve for brønn 7222/11-2, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 7222/11-2 skal borast frå boreinnretninga Transocean Barents i posisjon 72° 06` 23,17" nord og 22° 36´ 47,74" aust.

Boreprogrammet for brønn 7222/11-2 gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 659. Det norske oljeselskap ASA er operatør med 30 prosent del, dei andre rettshavarane er Petoro AS med 30 prosent, Lundin Norway AS med 20 prosent, Tullow Oil Norge AS med 10 prosent, Rocksource Exploration Norway AS med 5 prosent og Ithaca Petroleum Norge AS med 5 prosent.

Utvinningsløyvet består av delar av blokkene 7121/3, 7122/1, 7122/2, 7221/10, 7221/12, 7222/11 og 7222/12. Utvinningsløyvet blei tildelt i TFO 2011.

Undersøkingsbrønn 7222/11-2 er den første leitebrønnen i utvinningsløyve 659.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson I OD
Kristian Runestad, tlf 51876027

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 09.12.2013