Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

7324/7-1 S

04.07.2013 Oljedirektoratet har gitt OMV Norge AS boreløyve for brønn 7324/7-1 S, jf ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 7324/7-1 S skal borast frå boreinnretninga Leiv Eriksson i posisjon 73°29` 17,73" N og 24°16´ 48,50" Ø.

Boreprogrammet for brønn 7324/7-1 S gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 537. OMV Norge AS er operatør med ein eigardel på 25 prosent, og dei andre rettshavarane er Idemitsu Petroleum Norge AS med 20 prosent, Petoro AS med 20prosent, Tullow Oil Norge AS med 20 prosent og Statoil Petroleum AS med 15 prosent. 

Utvinningsløyvet består av blokkene 7324/7 og 7324/8. Utvinningsløyvet blei tildelt i 20. konsesjonsrunde i 2009.

Undersøkingsbrønn 7324/7-1 S vil bli den andre leitebrønnen i utvinningsløyve 537.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson I OD
Kristian Runestad, tlf 51876027

 

Kart - Last ned pdf 

Oppdatert: 07.08.2013