7/4-3
27.02.2013 Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønn 7/4-3.
Brønn 7/4-3 skal borast frå boreinnretninga Mærsk Guardian i posisjon 57°42’16.54’’nord og 2°12’15,81”aust.
Boreprogrammet for brønn 7/4-3 gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 495. Lundin Norway AS er operatør med 60 prosent del. Rettshavar er Tullow Oil Norge AS (40 prosent). Utvinningsløyve 495 blei tildelt i 2009 (TFO 2008).
Arealet i dette utvinningsløyvet ligg sørvest i Nordsjøen, og det grensar mot britisk sektor. Løyvet ligg mellom felta Gaupe og Brynhild. Brønn 7/4-3 er den første leitebrønnen i dette utvinningsløyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27
Oppdatert: 27.02.2013