8/10-5 S

16.10.2013 Oljedirektoratet har gitt Centrica Energi (Norge) AS boreløyve for brønn 8/10-5 S.

Brønn 8/10-5 S skal borast frå boreinnretninga Mærsk Giant i posisjon 57°3’32,49’’nord og 3°6’46,91”aust.

Boreprogrammet for brønn 8/10-5 S gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 405. Centrica Energi (Norge) AS er operatør med ein del på 40 prosent. Rettshavarar er Suncor Energy Norge AS med 30 prosent, Faroe Petroleum Norge AS med 15 prosent og Tullow Oil Norge AS med 15 prosent. Utvinningsløyve 405 blei tildelt i TFO 2006.

Arealet i dette utvinningsløyvet ligg i den sørlege delen av Nordsjøen og består av delar av blokkene 7/9,7/12,8/7,8/8,8/10 og 8/11. Brønn 8/10-5 S er den fjerde leitebrønnen i dette utvinningsløyvet.  

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

 

 

 

 

Oppdatert: 16.10.2013