Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

16/1-21 S og 16/1-21 A

16.12.2014 Oljedirektoratet har gitt Det norske oljeselskap AS boreløyve for brønnane 16/1-21 S og 16/1-21 A, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønnane 16/1-21 S og 16/1-21 A skal borast frå boreinnretninga Maersk Interceptor frå felles posisjon 58°55’41,704’’ nord 02°13’23,042’’ aust i utvinningsløyve 001 B. 16/1-21 S blir fyrst bora inn i reservoaret mot nord, mens 16/1-21 A deretter blir bora inn i reservoaret mot søraust.

Boreprogrammet for brønnane 16/1-21 S og 16/1-21 A gjeld boring av avgrensningsbrønnar på Ivar Aasenfeltet, der Det norske er operatør med 34,7862 prosent del. Dei andre rettshavarane er Statoil Petroleum AS med 41,4730 prosent, Bayerngas Norge AS med 12,3173 prosent, Wintershall Norge AS med 6,4615 prosent, VNG Norge AS med 3,0230 prosent, Lundin Norway AS med 1,3850 prosent og OMV (Norge) AS med 0,5540 prosent.

Arealet i dette løyvet består av del av blokk 16/1. Brønnane blir bora i den austlege delen av Ivar Aasenfeltet i midtre del av Nordsjøen.

Utvinningsløyve 001 B blei skilt ut 1. september 1999 frå utvinningsløyve 001, som blei tildelt 1. spetember 1965 (Runde 1-A). Dette er den femte og sjette leitebrønnen som blir bora innafor løyvet sitt areal og den sjuande og åttande på Ivar Aasenfeltet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkaa som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 16.12.2014