Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

16/2-19

21.01.2014 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 16/2-19, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 16/2-19 skal borast frå boreinnretninga Ocean Vanguard i posisjon 58°54’12,3” nord og 2°29’37,8”aust i utvinningsløyve 265 i den midtre delen av Nordsjøen.

Boreprogrammet for brønn 16/2-19 gjeld boring av avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 265. Statoil Petroleum AS er operatør med 40 prosent del. Dei andre rettshavarane er Petoro AS med 30 prosent, Det norske oljeselskap ASA med 20 prosent og Lundin Norway AS med 10 prosent.

Arealet i dette løyvet består av ein del av blokk 16/2. Brønnen blir bora om lag 2,1 kilometer nord til nordaust for brønnen 16/2-12 i Geitungen-segmentet på Johan Sverdrup.

Utvinningsløyve 265 blei tildelt 24. april 2001 (NST 2000). Dette er den 14. leitebrønnen som blir bora innafor løyvet sitt areal og den 10. leitebrønnen på eller nær oljefunnet 16/2-6 Johan Sverdrup i løyve 265.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 17.02.2014