Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

2/4-22 S

30.07.2014 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 2/4-22 S jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 2/4-22 S skal borast frå boreinnretninga Mærsk Gallant i posisjon 56° 42' 58.12'' nord og 3° 10' 3.11'' aust.

Boreprogrammet for brønn 2/4-22 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 146. Statoil Petroleum AS er operatør med ein del på 77,8 prosent. Den andre rettshavaran er Total E&P Norge AS (22,2 prosent). Arealet i dette løyvet består av deler av blokken 2/4. Brønnen blir bora om lag 20 kilometer nord for Ekofiskfeltet.

Utvinningsløyve 146 vart delt ut den 08. juli 1988 (12 konsesjonsrunde på norsk sokkel). Dette er den trettende brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD

Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 22.08.2014