Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

25/8-18 S

11.04.2014 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 25/8-18 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 25/8-18 S skal borast frå boreinnretninga Ocean Vanguard i posisjon 59°15’1,12” nord og 2°37’0,59” aust for Granefeltet i midtre del av Nordsjøen.

Boreprogrammet for brønn 25/8-18 S gjeld boring av avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 169. Statoil Petroleum AS er operatør med 57 prosent del. Dei andre rettshavarane er Petoro AS med 30 prosent og ExxonMobil E&P Norway AS med 13 prosent.

Arealet i dette løyvet består av delar av blokkene 25/8 og 25/11. Brønnen blir bora 0,7 kilometer søraust for undersøkingsbrønnen 25/8-4.

Utvinningsløyve 169 vart tildelt 1. mars 1991 (tillegg til 13.Runde). Dette er den 14. leitebrønnen som blir bora innafor løyvet sitt areal.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf 

Oppdatert: 11.04.2014