Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

26/10-1

02.12.2014 Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønn 26/10-1, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

 Brønn 26/10-1 skal borast frå boreinnretninga Island Innovator i posisjon 59°00’01,86’’ nord 03°04’14,69’’ aust i den midtre delen av Nordsjøen.

Boreprogrammet for brønn 26/10-1 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 674 BS. Lundin er operatør med 35 prosent del. Dei andre rettshavarane er Petrolia Norway AS med 35 prosent E.ON E&P Norway AS med 30 prosent.

Arealet i dette løyvet består av sørvestleg del av blokk 26/10 og nordvestleg del av blokk 17/1. Brønnen blir bora 32,8 kilometer nordaust for funnbrønnen 16/2-6 på Johan Sverdrupfeltet og om lag 112 kilometer frå Stavanger.

Utvinningsløyve 674 BS er skilt ut frå 674, som blei tildelt 8. februar 2013 (TFO 2012). Dette er den fyrste brønnen som blir bora innafor løyvet sitt areal.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 02.12.2014