Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

2/9-5 S

30.06.2014 Oljedirektoratet har gitt Det norske oljeselskap ASA boreløyve for brønn 2/9-5 S.

Brønn 2/9-5 S skal borast frå boreinnretninga Mærsk Giant i posisjon 56°24’45.50’’ nord og 03°55’06,08” aust.

Boreprogrammet for brønn 2/9/-5 S gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 494. Det norske oljeselskap er operatør med ein del på 30 prosent. Rettshavarane er Bridge Energy Norge AS med 30 prosent, Dana Petroleum Norway AS med 24 prosent og Fortis Petoleum Norway AS med 16 prosent. Utvinningsløyve 494 blei tildelt i TFO 2008.

Arealet i dette utvinningsløyvet ligg i den sørlege delen av Nordsjøen og består av den nordaustlege delen av blokk 2/9. Brønn 2/9-5 S er den første leitebrønnen i dette utvinningsløyvet.  

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 30.06.2014