31/10-1

24.06.2014 Oljedirektoratet har gitt Tullow Oil Norge AS boreløyve for brønn 31/10-1 jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 31/10-1 skal borast frå boreinnretninga Borgland Dolphin i posisjon 60° 05'10,41" nord og 3° 00'4,01" aust etter at undersøkingsbrønn 6507/5-7 for E.ON E&P Norge AS i utvinningsløyve 558 er avslutta.

Boreprogrammet for brønn 31/10-1 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 507. Tullow Oil Norge AS er operatør med ein del på 70 prosent. Dei andre rettshavarane er Explora Petroleum AS (20 prosent) og Ithaca Petroleum Norge AS (10 prosent). Arealet i dette løyvet består av deler av blokk 25/2,3, 30/11,12 og 31/10. Brønnen blir bora om lag 35 kilometer sør for Osebergfeltet.

Utvinningsløyve 507 vart delt ut den 23. januar 2009 (TFO 2008). Dette er den første brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 24.06.2014