Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

31/2-21 S

27.02.2014 Oljedirektoratet har gitt Tullow Oil Norge boreløyve for brønn 31/2-21 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 31/2-21 S skal borast frå boreinnretninga Borgland Dolphin i posisjon 60° 58'16,97" nord og 3° 28'1,74" aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 6407/1-7 for Wintershall i utvinningsløyve 475.

Boreprogrammet for brønn 31/2-21 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 550. Tullow Oil Norge er operatør med ein del på 90 prosent. Den andre rettshavaren er Det norske oljeselskap ASA (10 prosent). Arealet i dette løyvet består av 302 km2 del av blokk 31/1 og 166 km2 del av blokk 31/2. Brønnen blir bora om lag 7,5 kilometer nordvest for Trollfeltet.

Utvinningsløyve 550 vart tildelt 19. februar 2010 (TFO 2009). Dette er den første brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD: 
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 27.02.2014