Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

33/12-10 S

01.09.2014 Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønn 33/12-10 S jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 33/10 S skal borast frå boreinnretninga Bredford Dolphin i posisjon 61°07'07,83" nord og 1°56'28,66" aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 16/4-8 S for Lundin Norway AS i utvinningsløyve 359.

Boreprogrammet for brønn 33/12-10 S gjeld boring av brønn i utvinningsløyve 631. Lundin Norway AS er operatør med ein del på 60 prosent. Dei andre rettshavarane er Bayerngas Norge AS (30 prosent) og Fortis Petroleum Norway AS  (10 prosent).

Arealet i dette løyvet består av en liten del av blokk 33/9 og ca 1/3 del av blokk 33/12. Brønnen blir bora om lag 150 kilometer vest for Florø.

Utvinningsløyve 631 vart tildelt 3. februar 2012 (TFO 2011). Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tel. 51876027

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 01.09.2014