Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

33/2-1

25.04.2014 Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønnbane 33/2-1, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønnbane 33/2-1 skal borast frå boreinnretninga Transocean Artic i posisjon 61°59’30,76” nord og 1°32’42,52” aust, etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 6406/12-3 for VNG Norge i utvinningsløyve 586.

Boreprogrammet for brønnbane 33/2-1 gjeld boring av første brønn i utvinningsløyve 555. Lundin Norway As er operatør med ein del på 60 prosent. Den andre rettshavar er Bayerngas Norge AS (40 prosent).  Arealet i dette løyvet består av blokk 33/2. Brønnen blir bora om lag 200 kilometer vest for Måløy.

Utvinningsløyve 555 vart delt ut 19.02.2010 (TFO 2009). Dette er den første brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tel 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 25.04.2014