Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

34/6-3 S

13.08.2014 Oljedirektoratet har gitt Total E&P Norge AS boreløyve for brønn 34/6-3 S jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 34/6-3 S skal borast frå boreinnretninga Leiv Eriksson i posisjon 61°34'29,55" nord og 2°43'48,70"aust etter avslutting av boring av brønn 35/9-11 A for RWE Dea Norge AS i utvinningsløyve 420.

Boreprogrammet for brønn 34/6-3 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 554. Total E&P Norge AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er

Spike Petroleum 20 prosent, Det Norske 20% og Svenska Petroleum 20%. Arealet i dette løyvet består av del av blokk 34/6. Brønnen blir bora om lag 110 kilometer vest for Florø.

Utvinningsløyve 554 vart delt ut 19.02.2011 i TFO 2010 på norsk sokkel. Dette er den tredje brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf 

Oppdatert: 22.08.2014