Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

34/7-36 S

30.07.2014 Oljedirektoratet har gitt Det norske oljeselskap ASA boreløyve for brønn 34/7-36 S jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 34/7-36 S skal borast frå boreinnretninga Borgland Dolphin i posisjon 61° 21' 46.02'' nord og , 2° 18' 20.84'' aust, etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 31/10-1 for Tullow Oil Norge AS i utvinningsløyve 507.

Boreprogrammet for brønn 34/7-36 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 553, hvor Det norske Oljeselskap ASA er operatør med ein andel på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Svenska Petroleum Exploration AS (35 prosent) og Bayerngas Norge AS (25 prosent). Arealet i dette løyvet består av deler av blokk 34/7 og deler av blokk 34/8. Brønnen blir bora om lag ti kilometer vest for Visundfeltet og 130 kilometer vest for Florø.

Utvinningsløyve 553 vart delt ut 19. februar 2010 (TFO 2009). Dette er den første brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51876027

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 22.08.2014