Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

35/11-17

14.02.2014 Oljedirektoratet har gitt Statoil boreløyve for brønn 35/11-17, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 35/11-17 skal borast frå boreinnretninga Songa Trym i posisjon 61°03'31,22"N og 3°31'56,88"E etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 35/11-16 for Statoil i utvinningsløyve 090B.

Boreprogrammet for brønn 35/11-17 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 090 der Statoil er operatør med ein del på 45 prosent. Dei andre rettshavarane er ExxonMobil (25 prosent), Idemitsu Petroleum (15 prosent) og GDF Suez (15 prosent). Arealet i dette løyvet består av del av blokk 35/11. Brønnen blir bora om lag en kilometer sør-aust for Fram.

Utvinningsløyve 090 vart delt ut (09.03.1984) (8 konsesjonsrunde på norsk sokkel). Dette er den 16 brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 19.02.2014